Hopp til innhold
Bygdepride 2018
Foto: Mats Hjelmeland

Bygdepride Ørsta/Volda

Oppsummert

Bygdepride har som føremål å synleggjere skeive sine rettar i lokalsamfunnet, og at bygda skal vere for alle. Verdas første Bygdepride blei arrangert i Ørsta og Volda 10. mai til 13 mai 2018.

  • Vellukka Bygdepride

    I dag er siste dag av festivalen Bygdepride i Ørsta og Volda. Arrangøren anslår at over 2.000 personar møtte opp for å gå i prideparade i dag.

    – Vi er veldig godt nøgde så langt. Vi har stor breidde i arrangementa og det blir tatt godt i mot. Personleg må eg trekkje fram Regnbogemessa i Ørsta kyrkje. Det var ei heilt spesiell og fin oppleving, seier leiar i Bygdepride Rune Sæbønes.

    bygdepride
    Foto: Celina Myklebust Magnussen
  • Nominert til pris

    Bygdepride er nominerte til Skamløsprisen i 2021. Det er Sex og Samfunn som deler ut denne prisen, til folk eller organisasjonar som bidreg til å fjerne skam og tabu i samfunnet.

    I tillegg til Bygdepride er blant andre Jan Thomas, Sigrid Bonde Tusvik og Lisa Tønne, og organisasjonen Salam nominert. No skal ein jury velje ut tre av dei nominerte, som publikum kan stemme på fram til første august.

    Bygdepride i Volda 11. mai 2018
    Foto: Mats Hjelmeland
  • Har fjerna Bygdepride-filmen

    Bygdepride Ørsta/Volda har valgt å fjerne Bygdepride-filmen etter at en scene i filmen har ført til negative reaksjoner. Filmen som ble lansert lørdag skulle erstatte deler av årets festival. Filmen inneholdt et satirisk innslag der et sørstatsflagg ble plassert over regnbueflagget. Bygdepride ber om unnskyldning til de som ble såret og skal nå diskutere saka i styret.

    Tre Pride-flagg ved Rokken i Volda
    Foto: Arne Flatin
  • Regnbogemesse i Ørsta kyrkje

    Ørsta kyrkje vil halde regnbogemesse under Bygdepride i mai. Ørsta sokneråd ønskjer å vise at gudstenestefellesskapet er for alle og håper regnbogemesse blir ein tradisjon. – Dette viser at kyrkja meiner noko med å vere for alle, seier ein glad Anbjørn Steinholm Frislid, leiar i Bygdepride Ørsta/Volda. Det er sett ned ei programnemnd som skal gje rammene for messa. Den skal vere lik ei nær vanleg gudsteneste, men der liturgien legg vekt på inkludering. – Slik synleggjer vi at gudstenesta og kyrkjerommet er eit stort rom som kan romme breidda av menneskelege erfaringar, seier sokneprest Arne Moltubak.

    Regnbuemesse i Ørsta kyrkje
    Foto: Arne Flatin / NRK
Pastor Hans Reite åtvarar mot pride-parade i Volda og seier det kan bli kasta forbanning over bygda. Landbruksminister Jon Georg Dale tek til motmæle og bed om toleranse.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL