Hopp til innhold

Plan- og byggesaker kan bli forseinka

Manglande avløpsreinsing forseinkar plan- og byggesaker i Ålesund. Det skriv kommunen i ei pressemelding. Tilsyn har avdekt at kommunen har fleire reinseanlegg som ikkje oppfyller reinsekrava.

Kommunen har fått frist til 17.06.2022 med å tidfeste tiltak for at avløpsreinseanlegga ikkje bryt forureiningslova. I mellomtida blir nye utbyggingsprosjekt som gir auka utslepp, behandla, men det blir ikkje bli sendt ut vedtak før situasjonen er meir avklart. Det opplyser kommunen.

– Dette gjeld søknadar som er sendt inn til kommunen etter 26.04.2022, og gjeld både bustadformål og næringsformål. Det kan derfor vere saker som ikkje vil bli handsama innan 12 veker – slik lova sei. Dei det gjeld vil få eit brev frå kommunen, skriv kommunen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL