Ber om tydelegare svar på biskopane
Presteforeininga sentralt ber biskopane svare på kva for tiltak dei vil sette inn dersom mannlege prestar framleis nektar å samarbeide med kvinner. Bispemøtet har tidlegare slått fast at slik praksis ikkje er lov. Presteforeininga ønskjer også å få fastslått at vedtaket gjeld studentar og langtidsvikarar. Biskopen i Møre har offentleg tatt avstand frå synet til prestar som ikkje vil samarbeide med kvinner. Før jul blei det kjent at ho sjølv likevel har sagt ja til ein av dei.