Hopp til innhold

Ankar overgrepsdom til Høgsterett

Ei mor og ein bestefar i Møre og Romsdal ankar likevel dommen dei fekk i lagmannsretten til Høgsterett. Dei fekk skjerpa straffa i lagmannsretten og blei dømt til ti og ni års fengsel for seksuelle overgrep mot barn og barnebarn. Romsdals Budstikke (krev innlogging) har no fått stadfesta frå barnas bistandsadvokat, Trude Marie Wold, at dommen likevel blir anka. Det er enno ikkje klart om faren ankar.

Barneskisse, Statens barnehus
Foto: Øystein Eldholm/NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL