Hopp til innhold

Ti års fengsel for mor og bestefar etter grove overgrep mot tre barn

Ei mor og ein bestefar er dømde til ti års fengsel etter grove seksuelle overgrep mot tre små barn. Far i huset må sone i ni år.

Barneskisse, Statens barnehus

Skisser av barnekroppar blei brukt under dei tilrettelagde avhøyra av barna for å hjelpe dei til å forklare kva dei hadde blitt utsette for.

Foto: Øystein Eldholm/NRK

Det var lite anger å spore hos dei tre vaksne då saka gjekk for Møre og Romsdal tingrett i fjor haust. Verken mor, far eller bestefar vedgjekk å ha forgripe seg mot dei tre små barna.

Då dei blei dømde, anka alle tre. No har lagmannsretten svart med å legge til eitt års fengsel for kvar.

I tillegg må kvar og ein av dei betale 450 000 kroner til kvart av barna.

– Eg synest det er ein god dom og ein rett dom og ein ganske stor lette for dei dette gjeld, seier Trude Marie Wold som er bistandsadvokat for dei tre barna.

Ho seier det er heilt spesielt at begge foreldra og ein bestefar blir dømd for å ha forgripe seg mot tre små.

Mora og bestefaren må no sone ti år i fengsel. Retten er komen til at faren har lettare psykisk utviklingshemming, og har sett straffa for han til ni års fengsel.

Trude Marie Wold

Bistandsadvokat Trude Marie Wold er glad for at lagmannsretten har skjerpa straffa.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Blei låst inn på loftet og brent

I retten blei det spelt av avhøyr med barna der dei fortalde at dei blei låst inne på eit mørkt loft, brende med lighter og at bestefaren og foreldra bytta på å forgripe seg på dei. Den yngste skal ha vore berre eit spedbarn då overgrepa starta.

Ifølgje eitt av barna skal bestefaren ha trua med å skyte dei, om dei fortalde nokon om det som skjedde.

Familien budde i ei lita bygd i Møre og Romsdal, og ingen i nærmiljøet slo alarm.

Det er – selv nesten ni år etter omsorgsovertakelsen – ingen erkjennelse av at barna ikke fikk tilstrekkelig omsorg, verken knyttet til basale behov eller emosjonelle behov.

Utdrag frå dommen i Frostating lagmannsrett

Advokat Roar Edvardsen representerer mor i saka. Han har ingen kommentar til dommen, men seier dei no vil vurdere ein anke til Høgsterett.

Forsvararane meiner forklaringane til barna ber preg av å vere fantasi. Lagmannsretten konkluderer med at enkelte deler openbert ikkje stemmer, men meiner likevel at det dei seier om overgrepa er truverdig.

Tau

Under rettssaka blei det spelt av lydopptak der barna forklarte at foreldra og bestefaren batt dei og brukte tape. Desse taustumpane blei lagt fram i retten.

Foto: Politiet

Uvanlege skadar

Ein overlege som har undersøkt syskenflokken forklarte seg under rettssaka. Han sa at han aldri før har sett så alvorlege skadar etter seksuelle overgrep. Han undersøkte dei tre barna i 2019, seks år etter at dei blei plasserte i fosterheim.

– Det er påfallande og sjeldan at ein ser så store skadar som hos desse syskena. Skaden er omfattande og alvorleg, sa han då han forklarte seg under rettssaka i september.

Han sa vidare at dei første, overflatiske undersøkingane ikkje viste noko uvanleg, men at barna så blei lagt i narkose og undersøkte grundigare. Då skal dei ha gjort uvanlege funn.

Familien var i politiet sitt søkelys allereie for fleire år sidan, men saka blei lagt vekk på grunn av mangel på bevis. No er alle tre dømde i to rettsinstansar.

Les også Syskenflokk skal ha fått alvorlege skadar etter overgrep – fagfolka seier funna er sjeldne

Barneskisse, Statens barnehus