Hopp til innhold

Legg vekk sak mot My Kitchen

Politiet har ikkje funne bevis på brot på smittevernreglane ved My Kitchen i sommar. Dermed vert saka lagt vekk. Det skriv Møre-Nytt. Til avisa seier politiinspektør Yngve Skovly at dei oppretta to saker. Ei gjaldt brot på smittevernlovgivinga. Den andre ulovleg servering av alkohol til mindreårige. Han seier vidare at begge desse no er henlagt på bevisets stilling. Volda kommune melde My Kitchen til politiet etter eit stort smitteutbrot i sommar. Men utestaden slepp no altså straff etter utbrotet.

Ordfører Sølvi Dimmen seier til NRK at dei fekk mange tips og videoer som tyda på kaotiske tilstander på utestaden i sommar, og at det difor var viktig at politiet sjekka saken.