Hopp til innhold

Tidlegare juleferie i Ålesund

Skulebarna i Ålesund får tidlegare juleferie på grunn av koronasituasjonen. Det er kriseleiinga i Ålesund som i dag gav grønt lys for å gjere endringar i opplegget for skuleåret 2021/2022.

Vedtaket er gjort med bakgrunn i ein krevjande situasjon med korona og mykje sjukdomsfråvær blant dei tilsette på grunn av luftvegssjukdommar, melder Ålesund kommune.

Siste skuledag før jul blir fredag 17. desember. SFO vil halde ope på dagtid måndag 20. og tysdag 21. for dei som treng eit tilbod.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL