Hopp til innhold

Mange stoppa i kontrollar

I kontrollar vegvesenet har hatt ved Romsdalen kontrollstasjon denne veka fekk to tunge køyretøy bruksforbod på grunn av alt for dårlege dekk. Det blei og ilagt bruksforbod mellom anna på grunn av overlast, avrenning av fiskevatn og dårleg sikring av last. Ein førar blir meldt for ikkje å ha stoppa for kontrollen.

To tunge køyretøy hadde alt for dårlege dekk
Foto: Statens Vegvesen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL