Hopp til innhold

Vil bygge verdas største yacht

Vard har inngått ei kontrakt på bygginga av Somnio, ein yacht som skal vere 222 meter lang og 27 meter brei. Den vil også ha 39 luksusleilegheiter om bord og blir beskrive som verdas største yacht. Fartøyet skal bli levert frå Vard Søviknes på Sunnmøre våren 2024. Det skriv selskapet i ei pressemelding.

Fartøyet sitt skrog vil bli bygd ved Vard sitt verft i Romania, før det skal bli slept til Vard Søviknes for vidare utrusting, ferdigstilling, testing og levering. Vard opplyser at prosjektet vil engasjere ein rekke selskap både internt og hos leverandørar i den maritime klynga.

– Eg har hatt mange drøymar i løpet av mine 37 år i Vard, men gleda av å hente heim denne kontrakt overgår alt eg nokon gong hadde håpa på, seier Rune Rødset, sals- og marknadssjef i Vard.

Yacht Liner for Somnio som Vard skal bygge.
Foto: KlausJordan

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL