Brudavolltunet fusjonerer med Viti
Stiftinga Brudavolltunet blir ein del av regionmuseet Viti, som nyleg skifta namn frå Musea på Sunnmøre. Det skriv kulturinstitusjonen i ei pressemelding. Brudavolltunet er eit intakt tun i Ørsta kommune, som fram til no har vore eigd av ei lokal stifting. – Vi takkar for tilliten og skal ta vare på denne unike kulturarven for framtida, seier administrerande direktør Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, i Viti.