Hopp til innhold

– Milepæl for Campus Kristiansund

Fylkestinget vedtok i går å inngå leigeavtale om kontorareal og teikne aksjar i eit framtidig driftsselskap for Campus Kristiansund. – Ein milepæl for Campus Kristiansund, sa Venstre-politikar Pål Farstad.

Campus Kristiansund skal bli eit felles kompetansemiljø for utdanning, forsking og innovasjon på Nordmøre, lokalisert i Kristiansund sentrum. Dette er noko Farstad sjølv har jobba hardt for, mellom anna i tida som stortingsrepresentant.

– Dette bidreg til å skape ein ny tid for Kristiansund og Nordmøre, meiner Ap-politikar Per Vidar Kjølmoen.

Pål Farstad
Foto: Roar Halten / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL