Hopp til innhold

Legg opp til spleiselag

Tysdag vart det kjend at regjeringa legg inn 16 milliardar kroner til fylkesvegane i Nasjonal transportplan. – Skal fylka få statlege pengar til vedlikehald av fylkesvegane må fylka sjølve bidra økonomisk. Regjeringa legg opp til eit spleiselag, seier fylkespolitikar Anders Riise frå Høgre. Ordninga krev at staten og fylket bidrar med halvparten av midlane kvar.