Hopp til innhold

Må i fengsel for brannstifting

Ein mann er i Sunnmøre tingrett dømd til tre år og åtte månadar fengsel. Mannen i 30-åra skal ha sett fyr på eit hus der det oppheldt seg tre personar. På grunn av rask respons frå den eine bebuaren, vart ingen skadd under brannen. Han skal også ha brote besøksforbodet mot den tidlegare sambuaren sin, og i tillegg truga henne. Han er også dømd for ei rekke narkotikalovbrot, og må betale 400 000 kroner i erstatning til eit forsikringsselskap.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL