Hopp til innhold

– Ikkje bra med stengt fødeavdeling

Ordførar Kjell Neergaard i Kristiansund seier det ikkje er bra at fødeavdelingane i Kristiansund og Molde må veksle på å vere stengde og ha ope kvar fjortande dag frå i haust. Årsaka er mangel på gynekologar og jordmødre. Neergaard rosar likevel direktør Øyvind Bakke i helseføretaket for å ta skikkelig tak i den svake rekrutteringa.

Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal og ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard.
Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL