Hopp til innhold

Opnar opp for å bytte kommune

To bedrifter på Sandsøya i Sande kommune har kontakta Vanylven kommune med ynskje om å diskutere grensejustering. Det skriv Vestlandsnytt (krev innlogging). Dei to bedriftene Sandefisk AS og reiarlaget Go & Po Fiskeri AS har difor sendt eit brev til Vanylven om saka og inviterer til eit drøftingsmøte. Ifølgje avisa meiner medeigaren i begge bedriftene at eit slikt kommuneskifte mellom anna vil vere positivt for næringslivet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL