Hopp til innhold

Sprik mellom behov og budsjett

Klinikkane i Helse Møre og Romsdal har meldt inn behov for investeringar på over 300 millionar kroner- medan det på budsjettet er sett av berre 82 millionar kroner til medisinsk-teknisk utstyr.

Utstyr for 120 millionar kroner blir sett på som høgt prioriterte kjøp – om kvaliteten i drifta skal oppretthaldast i 2020.

Helse Møre og Romsdal har frå 2015 til og med 2019 halde tilbake planlagde investeringar for 270 millionar kroner. Dette gjeld pengar som skulle ha gått til vedlikehald av bygningar og til nytt medisinsk-teknisk utstyr.

Ifølgje budsjettforslaget må ein stor del av pengane går til å erstatte medisinsk-teknisk utstyr som bryt saman.

Helse Møre og Romsdal har starta vurderinga av framtidige større investeringar for utskifting og kjøp av større røntgenutstyr som MR, CT, stråleterapiutstyr og større overvakingsutstyr.

I budsjettet blir det også omtalt eventuelle framtidige investeringar i moderne utstyr for diagnostiseringa av kreft (PET), operasjonsrobot og utstyr til behandling av alvorlege hjarteinfarkt (PCI).

Også det nye akuttsjukehuset for Nordmøre og Romsdal med medisinsk senter i Kristiansund i tillegg til Helseplattforma blir omtalt som prosjekt med store investeringsbehov.

PCI
Foto: OUS