Berusa personar arrestert på Vigra
Politiet har arrestert to personar på Ålesund lufthavn Vigra. Dei skal ha vore svært berusa og ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Dei var heller ikkje skikka til å bli med flyet dei hadde planar om, opplyser politiet.