Hopp til innhold

Køyrde utan gyldig førarkort

På Lerstad i Ålesund blei ein mann i 20-åra meld for køyring utan gyldig førarkort. Mannen hadde eit utanlandsk førarkort frå eit land som Noreg ikkje har innbytterett med. Det utanlandske førarkortet er gyldig i Noreg berre i 3 månader etter innreise.