Hopp til innhold

Går til sak mot kommunen

Gunn Inger Reiten i Sunndal stemnar Sunndal kommune for retten. Ho hevdar ektemannen ikkje får eit godt nok helsetilbod. Mannen blei ramma av slag i 2014, og har etter det vore pleietrengande. Reiten har tidlegare gått heilt til retten for å få ut pasientjournalen hans frå kommunen. Det er sett av fem dagar til rettsaka.

Gunn Inger Reiten
Foto: Synnøve Hole / NRK