Hopp til innhold

Måtte gå heilt til retten for å få pasientjournalen til ektemannen

SUNNDALSØRA (NRK): Gunn Inger Reiten (52) måtte gå heilt til retten før ho fekk innsyn i pasientjournalen til den alvorleg sjuke ektemannen. Jusekspert seier det truleg er første gong ei slik sak hamna i rettsapparatet.

Gunn Inger Reiten

Gunn Inger Reiten har gått ein lang veg for å få pasientjournalen til mannen. Ho vil sikre seg at han får eit godt nok tilbod frå kommunen, og både Nordmøre tingrett og Fylkesmannen i Møre og Romsdal har slått fast at ho har krav på journalen. Først etter at NRK tok kontakt denne veka, har kommunen lovd å gje ut alt.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det var i mai i 2018 Gunn Inger Reiten i Sunndal første gong bad kommunen om pasientjournalen til ektemannen Hans. Ho ville vere sikker på at han fekk eit godt nok tilbod, etter eit alvorleg hjerneslag i 2014. Men kommunen sa nei.

Heller ikkje då Fylkesmannen to gongar slo fast at ho hadde krav på journalen, ville dei gje etter.

– Eg syns det er spesielt, og eg tenkjer det skal ikkje vere nødvendig. Dersom eg ikkje skal få vite kva som er skrive om mannen min og korleis han har det, kven skal då vareta han, spør ho.

Klart medhald i retten

Først då Gunn Inger Reiten stemna Sunndal kommune for retten, gjekk kommunen motvillig med på å utlevere deler av journalen. Då hadde det gått nesten eitt år.

Anne Kjersti Befring

Ein av landets fremste ekspertar på helserett, Anne Kjersti Befring, omtalar saka i Sunndal som svært uvanleg.

Foto: Universitetet i Oslo (UiO)

Ein av landets fremste ekspertar på helserett, jurist og doktorgradsstipendiat Anne Kjersti Befring ved Institutt for offentlig rett, seier det er heilt uhøyrt at ein skal måtte gå til retten for å få ut ein pasientjournal til sin næraste pårørande.

– Det er veldig uvanleg. Eg trur ikkje eg har sett eit liknande døme før. Når Fylkesmannen gir klar beskjed om at her skal ein levere ut journal, så brukar det å bli respektert av kommunen og helsetenesta, seier ho.

Lov om pasient og brukerrettigheter slår fast at pasienten har rett til innsyn i journalen sin – og også dei næraste pårørande dersom pasienten sjølv ikkje er i stand til å vareta rettane sine.

Randi Dyrnes

Kommunedirektør Randi Dyrnes i Sunndal seier dei framleis meiner at avgjerda frå retten og Fylkesmannen er feil, men at dei no vil gje ut resten av journalen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kommunen står på sitt

Kommunen meiner framleis at ho ikkje skulle hatt journalen, og at både Nordmøre tingrett og Fylkesmannen har feil, og har motvillig levert ut deler av journalen. Først etter at NRK tok kontakt om saka tidlegare denne veka, lovde dei å levere ut resten.

– Lovverket er komplekst, og tolkinga vår har vore at det ikkje er så klart, seier kommunedirektør Randi Dyrnes i Sunndal kommune.

– Skal det vere nødvendig for ein innbyggjar å kjempe slik mot kommunen for å få ut journalen?

– Det skal vere eit lovverk som ligg i grunn. Dersom kommunen gir ut for mykje, bryt vi teieplikta, difor må vi alltid gjere ei grundig vurdering.

– Svært spesielt og svært uheldig

Runar Finvåg er pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal

Pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal, Runar Finvåg, seier det er svært uheldig og spesielt at pårørande må kjempe i retten for å få innsyn i journalen til sin næraste.

Foto: Roar Halten / NRK

Pasient- og brukarombod Runar Finvåg seier det både er svært spesielt og svært uheldig at kommunen har vore så motvillig. Han seier det er svært viktig for å sørge for at pasienten får medverke i utforminga av det tilbodet kommunen gir – også når dei sjølv ikkje kan seie kva dei ønskjer.

– Næraste pårørande har ei kjempeviktig rolle i forhold til brukarar som ikkje har samtykkekompetanse. Når brukaren sjølv ikkje er i stand til å fremje behova sine, er næraste pårørande dei som er nærast til å gje informasjon, seier han.

Håper andre slepp å kjempe

Gunn Inger Reiten er glad for støtta frå eksperthald, og håper no at andre skal sleppe å oppleve det same som ho har gjort. Mannen hennar har ikkje lenger samtykkekompetanse, og ho er hans næraste pårørande.

– I staden for å bruke kreftene på dette, ønskjer eg å vere ein pårørande for Hans, kona hans og mora til ungane våre, seier ho.

Gunn Inger Reiten

Gunn Inger Reiten møtte mannen Hans då dei begge var 19 år gamle, og seinare i sommar har dei sølvbryllaupsdag. Heile livet blei snudd på hovudet då han fekk eit alvorleg hjerneslag for fem år sidan.

Foto: Synnøve Hole / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

en mann som står i et rom

Vil bruke 580 milliarder oljekroner: – Ikke bra for renta, mener økonom