Hopp til innhold
Gunn Inger Reiten
Foto: Synnøve Hole / NRK

Kjempa i retten for mannen

Oppsummert

Gunn Inger Reiten har i lang tid kjempa for helsetilbodet til den slagramma mannen sin. Ho hevdar han ikkje har fått eit godt nok tilbod, men inngjekk forlik med kommunen hausten 2019. Ho har tidlegare gått til retten for å få pasientjournalen hans.

  • Får kritikk for journalhandtering

    Sunndal kommune får kritikk for at svært mange har lese ein pasientjournal. NRK fortalte i går at 185 ulike tilsette har lese journalen til ein pasient.

    Generalsekretær Lilly Ann Elvestad i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon seier det er tydeleg at kommunen bør forbetre rutinane sine.

    Ho etterlyser også strengare kritikk frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, som konkluderte med at kommunen ikkje har brote lova.

  • Har inngått forlik med kommunen

    Gunn Inger Reiten har inngått forlik med Sunndal kommune i striden om tilbodet til den pleietrengande mannen hennar. Rettsaka starta i Nordmøre tingrett i går, men partane har no blitt samde. Gunn Inger Reiten seier til NRK at dette betyr svært mykje. Reiten gjekk til sak fordi ho hevda tilbodet til mannen var uforsvarleg. Forliket inneber mellom anna at det blir oppretta ei såkalla ansvarsgruppe og ein koordinator, som skal sikre eit betre tilbod til mannen.NRK har ikkje lukkast å få ein kommentar frå kommunens advokat

    Gunn Inger Reiten
    Foto: Synnøve Hole / NRK
  • Avviser at tilbodet er for dårleg

    Advokat Sverre Larhammer avviser at Sunndal kommune ikkje gir eit forsvarleg tilbod til ein slagramma mann. Kona har gått til retten og hevdar tilbodet er uforsvarleg. I Nordmøre tingrett sa kommunen sin advokat at tilbodet er svært godt, men at det har vore krevjande å samarbeide med dei pårørande. Det er sett av fire dagar til saka.

    Sverre Larhammer
    Foto: Synnøve Hole / NRK
  • Rettssak startar i dag

    I dag startar rettssaka mot Sunndal kommune, for manglande pass og pleie av ein slagramma mann.

    Det er kona til mannen som hevdar at kommunen ikkje har gitt han eit godt nok tilbod.

    I fjor måtte ho gå heilt til retten for å få ut journalane til ektemannen, og vann fram på alle punkt.

    Kommunen har den siste tida betra tilbodet til mannen, og gitt kona til mannen medhald i vesentlege deler av klagen.

    Advokaten hennar meiner det likevel er viktig å få prøvd saka for retten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL