Hopp til innhold

Svineproduksjonen under press

Fleire av dei kring 40 grisebøndene i fylket vurderer eller har gitt opp, fordi det er stor overproduksjon og ikkje økonomi i å drive med gris. Rypdal purkering, som er senter for mykje av svineproduksjonen, har varsla at dei legg ned når så mange grisebønder gir opp. Bonde Jorunn Gunnerød på Langholen gård på Istad i Molde er blant bøndene i Rypdal purkering som har bestemt seg for å slutte med gris og satse berre på mjølkeproduksjon. - Det har vore hardt å drive med gris i mange år no og fleire har valgt å slutte, seier Jorunn Gunnerød. Men alle som vil fortsette kan gjere det gjennom purkering i andre fylke enn Møre og Romsdal.

Bonde Jorunn Gunnerød på Langholen gård på Istad i Molde
Foto: Privat

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL