Hopp til innhold

Vil ikkje gå inn for forbod

Sunndalsordførar Ståle Refstie vil ikkje ta til orde for eit hoppforbod i kommunen, etter nok ei dødsulykke. Ein utanlandsk hoppar blei funnen omkomen i dag tidleg på 1500- meters høgde mellom Langrabbpiken og Storal-kinn. Også i fjor omkom ein hoppar i same område. Refstie synes det er djupt tragisk, men trur ikkje eit forbod vil hjelpe. Folk kjem til å hoppe uansett forbod eller ikkje, trur han.

Ståle Refstie
Foto: Roar Halten / NRK