Hopp til innhold

– Må prioritere beredskapen

– Helse Møre og Romsdal si drift av jordmorberedskapen på ytre Nordmøre er ikkje god nok. Det meiner Bente Nordeng (bildet), som i fjor haust fekk tilbod om jobb som beredskapsjordmor. Ho skulle mellom anna følgje gravide som har meir enn ein og ein halv time til sjukehus i kommunane Aure, Smøla og Halsa. For Nordeng blei det så mykje rot i tilsettingsprosessen, at ho slutta før ho starta. Ho trur det blir vanskeleg å få jordmødrer til små stillingar i distrikta. – Alle er lovpålagde å ha jordmødrer, men det er ingen som har sagt kor store stillingar dei skal ha. Så då blir det kanskje 15–25 % stillingar, og då får dei ikkje jordmødrer. Eg trur ikkje det blir så lett før ein vel å prioritere beredskapen, seier Nordeng. Janita Skogeng, avdelingssjef i Helse Møre og Romsdal, seier situasjonen er utfordrande. – Det er ei utfordring for oss å få jordmødrer til å delta i følgjetenesta og per i dag må vi erkjenne at vi har for dårleg dekning, seier ho.

Bente Noreng
Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL