Hopp til innhold

Kritisk til nedbemanning

Yngre legars foreining trur at ein plan om nedbemanning i Helse Møre og Romsdal kan svekke pasienttilbodet, auke motsetnadene og svekke motivasjonen blant dei tilsette. Administrerande direktør Nils Kvernmo varsla på sist styremøte at han vil legge fram ein nedbemanningsplan til styremøtet i juni. Føretakstillitsvald for Yngre legars foreining, Ida Monn Birkhaug, krev at reglane i arbeidslivet blir følgt, om ein nedbemanningsplan skal setjast i verk. Ho fryktar at nedbemanning kan skape nye vanskar, og trekker i tvil om føretaket kjem til å spare pengar på denne måten.

Ida Kamilla Monn Birkhaug.
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL