Hopp til innhold

Drosjeprotest i Ålesund

Norges Taxiforbund held ein aksjon i Ålesund og fleire andre norske byar tysdag kveld, der dei prøver å få så mange drosjar som råd ut i gatene mellom klokka 18 og 20. Det er ein protest mot regjeringas forslag om ny taxilov, noko som vil gjere det lettare å få løyve til å drive. Mange i næringa fryktar at forslaget vil skape lågare lønningar. – Vi synest det er skammeleg at dei ofrar drosjane i distriktet for å potensielt få ned prisane i Oslo, seier Trond Hansen, pressekontakt i Norges Taxiforbund Møre og Romsdal.

Trond Hansen
Foto: Marius André Jenssen Stenberg

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL