Hopp til innhold

Framleis nokre utan straum

Mørenett har no funne feilen som førte til eit straumutfall fleire stadar natt til onsdag. På det meste var 1600 kundar råka av utfallet. Dei fleste stadane har no fått tilbake straumen, men Furnes og Solevåg er straumlause inntil feilen er utbetra. Mørenett opplyser at dette kan ta ca. to timar. Strekninga Eikrem-Nøringset er framleis utan straum, her blir det no søkt etter feil.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL