Hopp til innhold
Kraftlinje
Foto: Kjartan Trana / NRK

Straumbrot i Møre og Romsdal

Oppsummert

Veit du noko? Tips oss på mr@nrk.no

  • Fleire har fått straumen tilbake

    Det er no 179 personar utan straum i området Sorenskriver Bulls gate, Flatholmen og Aksla i Ålesund. Det viser nettsidene til Linja. Dei melde først om straumbrotet rundt 09.30 i dag. På det meste var 741 kundar utan straum.

  • Nesten 2000 var utan straum – Elinett åtvarar etter trefelling

    Elinett opplyser at alle kundane deira no skal ha fått straumen tilbake på Midsund. På det meste var 1974 kundar råka av straumbrotet.

    Årsaka til straumbrotet, som skjedde like etter klokka 11.00, var trefelling der treet fall ned på ei høgspentlinje.

    I etterkant av trefellinga har Elinett lagt ut ei melding på X der dei åtvarar mot dette. Det er heller ikkje første gong at Elinett har opplevd dette så langt i år.

    – Vi er både overraska og skuffa over at enkelte utset seg sjølv og andre for stor risiko og eit betydeleg personleg erstatningsansvar ved trefelling som forårsakar straumbrot. Kontakt oss om du er i det minste i tvil før du startar med trefelling nær våre linjer, skriv selskapet.

  • Straumbrot på Midsund

    I dag klokka 11.00 var det eit straumbrot som råka heile Midsund.

    – Dei fleste har no fått straumen tilbake, med unntak av 198 kundar i området Heggdal-Orset, melder Elinett.

    Årsaka til straumbrotet skal ha vore trefall på høgspentlinja. dette skal ha skjedd i samband med skogsarbeid. Ein montør er på veg til staden, opplyser Elinett.

Sæbø og bygdene rundt Hjørundfjorden i Ørsta har vore utan mobilsamband sidan uveret 1. nyårsdag. Dette gjer det vanskeleg for innbyggjarane å kommunisere med omverda, og i verste fall også i ein naudsituasjon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL