Hopp til innhold

NLF føler seg misforståtte

Fylkesleiar i Norges Lastebileigar-Forbund (NLF), Finn André Fredvig- Erichsen, seier i eit intervju med rbnett.no at dei føler seg misforståtte. NLF vil ikkje Møreaksen til livs, men undersjøiske tunnelar. Tidlegare i dag gjekk Helge Orten, leiar i transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, sterkt ut mot utspelet NLF om å stoppe utbygging av undersjøiske tunnelar – inkludert den 16 kilometer lange og 360 meter djupe tunnelen som er planlagt under Romsdalsfjorden mellom Ålesund og Molde.

Finn Andre Fredvig Erichsen
Foto: Trond Vestre

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL