Hopp til innhold

Branntilløp på bad i Molde

Ingen kom til skade da det byrja å brenne på eit bad på Røysan i Molde i fire-tida torsdag morgon. Dei to som budde i leilegheita, fekk alterantiv bustad resten av natta på grunn av ein del røyk. Totalt 12 personar bur i huset med fleire leilegheiter. Alle desse kom seg ut, utan nokon dramatikk, opplyser politiet. Dei kunne flytte inn att etter kort tid.