Hopp til innhold

Drapsdømd dømd på nytt

Ein tidlegare drapsdømd nordmørsmann i 30-åra må i fengsel i fire år og fire månader etter fleire nye tilfelle av vald. Han er dømd for vald både mot ein fengselsbetent og ein medfange, i tillegg til at han under prøvelauslating i fjor haust slo til ein mann. Nordmøringen blei i 2010 dømd for å ha drepe ein mann med øks i Romsdal, og han må no sone resten av den dommen også.