Hopp til innhold

Røykutvikling ved hotell

Like etter klokka 04.30 fekk politiet melding om at det var røykutvikling ved Hopen Brygge hotell på Smøla. Det var til saman to gjester på hotellet, og det var ein av desse som varsla naudetatane om brannen. Brannvesenet kom rakst til staden og fekk sløkt brannen. – Vi kan ikkje seie noko om brannårsak enda, men vi veit kvar den starta, seier operasjonsleiar i politiet, Erik Mikalsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL