Hopp til innhold

2.-plass til Gjeitnes

Kari Vikhagen Gjeitnes gjekk seg inn til ein imponerande 2.-plass under langløpet La Diagonela frå Sveits. Løpet er på totalt 52 kilometer og Gjeitnes kom i mål like bak tsjekkiske Katerina Smutna. 34-åringen var med i sigerskampen heilt inn til mål, men hadde ikkje nok krut på slutten til å gå forbi tsjekkaren. – Det er godt å vere tilbake på pallen. Det var verkeleg kaldt i starten. Eg har aldri vore så kald under eit renn tidlegare. Heldigvis gjekk det betre etter kvart, sa Gjeitnes etter målgang.

Kari Vikhagen Gjeitnes
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix