Hopp til innhold

Gjerde støttar fylkesrådmannen

Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (Venstre) støttar fylkesrådmannen og ber om at arbeidet med Nordøyvegen blir stoppa. Det seier Gjerde til Sunnmørsposten. – Vi kan ikkje stille oss slik at vi risikerer å rasere tilbodet i den vidaregåande skulen, seier Gjerde. Fylkesrådmannen sa måndag at ei heil rekkje investeringar i fylket må setjast på vent i minst ti år dersom Nordøyvegen skal realiserast.

Gunn Berit Gjerde
Foto: Gunnar Sandvik/NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL