Hopp til innhold

Nye avtalar for sild og kolmule

Kyststatane er einige om forvaltinga av sild og kolmule i 2019. Det skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding. Tollkvoten for silda neste år blir på 588.562 tonn. Det er ein auke frå fjoråret, då kvoten var på 435.000 tonn. Men partane er framleis ueinige om kor stor del av totalkvoten kvart land skal ha. – Eg er nøgd med at vi er blitt einige om ein ny plan som sikrar berekraftig skatting og samtidig eit noko høgare uttak av sild. Men eg er skuffa over at Norge, EU, Færøyane, Island og Russland ikkje har klart å bli einige om fordelinga av andelar på partane, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik i pressmeldinga.

Harald T. Nesvik
Foto: Morten Andersen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL