Hopp til innhold

Gjekk større skred i natt

Det har vore mykje steinsprang frå fjellet Mannen i Rauma i natt. To skred blei registrert like over midnatt. I løpet av natta var rørslene i det rasfarlege fjellpartiet Veslemannen oppe i 40 cm i døgnet i øvre del. Rørslene har minka, og ligg no på 20–25 cm i døgnet i øvre del, og 3 cm i nedre del. – Det blei rapport om eit større skred frå lytteposten til Sivilforsvaret rundt midnatt. Fjellpartiet har vore veldig sensitivt og uroleg, seier vakthavande geolog i NVE, Gudrun Majala.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL