Hopp til innhold

Frustrerande for dei evakuerte

Arnt Olav Herjehagen, kommunikasjonssjef i Rauma kommune, seier situasjonen for bebuarane under fjellet Mannen er frustrerande. Dei har no blitt evakuert for femte gong i år. – Eg er imponert over kor uthaldande dei er. Samtidig er det avgrensa kor lenge ein kan halde på slik. Vi skulle gjerne hatt raset no slik at vi fekk ei avklaring, seier Herjehagen.

Kommunikasjonssjef i Rauma, Arnt Olav Hønsvik Herjehagen om situasjonen ved Mannen tirsdag kveld.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL