Hopp til innhold

I gang med undersøkingar.

Havarikommisjonen har i dag gjort undersøkingar om bord i Giske-trålaren «Nordstar». Ein mann omkom i ei ulykke om bord i båten søndag kveld. – Ulykka skjedde under arbeid i ein tank med fiskeavfall. Vi har i dag jobba for å finne ut kva som skjedde og snakka med dei som var nærast ulykka, seier Bjørn Bratfoss, undersøkingsleiar i Havarikommisjonen. Han vektlegg likevel at dei er i startfasen av undersøkingane, og at dei no prøver å skape seg eit bilde av det som har skjedd. – Det er for tidleg å seie noko sikkert om hendingsgangen eller dødsårsaka, seier Havarikommisjonen til NRK. Det blei ifølgje smp.no sett i gang hjarte- og lungeredning av mannskapet om bord, men livet stod ikkje til å redde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL