Hopp til innhold

Dyr skipstunnel

Kvar segling gjennom Stad skipstunnel kostar samfunnet 26.000 kroner. Talet kjem frå ei ekstern kvalitetssikring som har vore gjort på oppdrag frå Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet. Likevel forventar fylkesordføraren i Sogn og Fjordane at tunnelen blir bygd som planlagd. – Det er mange vegprosjekt som ikkje blir rekna som samfunnsøkonomisk nyttige, men som det er nyttig å byggje likevel, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling til NPK.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon
Foto: NORDWEST3D

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL