Hopp til innhold

Fryktar utflagging

Økonomiprofessor Ola H. Grytten (biletet) ved NHH fryktar møbelkonsernet Ekornes på sikt kan bli flagga ut frå Sykkylven. Dei siste dagane har det blitt klart at det kinesiske selskapet Qumei Home Furnishing Group har lagt inn eit bod på 5,1 milliardar kroner på Ekornes. Grytten trur ikkje det kinesiske selskapet har same hjarte og interesse for møbelproduksjonen i Sykkylven som dagens eigarar av Ekornes. Konsernsjef Olav Holst-Dyrnes i Ekornes er trygg på at Qumei Home Furnishing Group har ein industriell plan med Ekornes, og at dei er villige til å satse vidare i Sykkylven.

Ola H. Grytten, professor i økonomisk historie ved Norges Handelshøyskole
Foto: Jens Frølich Holte

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL