Hopp til innhold

Vidare varetektsfengsling

To austeuropeiske menn er fengsla i fire veker til, sikta for grove narkotikalovbrot. I november slo politiet til mot tre polakkar i ålesundsområdet, og fann ein koffert med store mengder narkotiske tablettar. Tablettane skal ha vore pakka i plastposar, og politiet meiner det viser at dei var meinte for vidaresal. Politiet vil ha mennene fengsla fram til rettssaka, for å unngå at dei stikk av.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL