NRK Meny
Sunnmøre tingrett
Foto: Synnøve Hole / NRK

Skal ha smugla 1000 tablettar

Oppsummert

Tre polakkar blei pågripne i Ålesund i november 2017 med ein koffert med store mengder narkotiske tablettar. Alle blei fengsla, og ein av dei er no sikta for oppbevaring av omlag 1000 extascy-tablettar. Politiet trur dei var meint for vidaresal.

  • Fire nye veker i varetekt

    Ein polakk i slutten av 20-åra er varetektsfengsla i fire nye veker, mistenkt oppbevaring av om lag 1000 extascy-tablettar og ein liter amfetaminkonsentrat Mannen har vore fengsla sidan før jul, og politiet treng framleis tid til etterforsking og nye avhøyr. Tablettane blei funne i små plastposar i ein koffert, og politiet meiner dei var meinte for vidaresal. To andre polakkar var også fengsla ei stund, men er sette fri.

  • Skal ha smugla 1000 tablettar

    Politiet har sikta ein polakk i slutten av 20-åra for oppbevaring av omlag 1000 extascy-tablettar og ein liter amfetaminkonsentrat. Mannen har vore fengsla sidan før jul, og er no fengsla på nytt i fire veker. Tablettane blei funne i små plastposar i ein koffert, og politiet meiner det viser at dei var meinte for vidaresal. To andre polakkar var også fengsla ei stund, men er sette fri.

  • Sikta etter stort narkotikabeslag

    Tre personar er varetektsfengsla i fire veker med brev og besøksforbod, etter funn av betydleg mengder narkotika. Dei tre blei pågripne laurdag, men politiadvokat Guri Falch Kristensen vil ikkje seie kvar det skjedde. Ifølgje avgjerda frå retten er årsaka til fengslinga frykt for at dei tre kan øydelegge bevis eller stikke av, dersom dei blir sette fri. Kristensen seier dei føreels ikkje kan seie meir om funnet.