Hopp til innhold

Kjempar vidare for Romsdalsaksen

Forkjemparane for Romsdalsaksen vil stå på vidare, sjølv om Statsministeren seier det er uaktuelt med nye rundar om traseen over Romsdalsfjorden. – Utspelet frå statsministeren triggar berre folk til å kjempe enno meir, seier Jørn Inge Løvik, dagleg leiar i Romsdalsaksen. Han får støtte av Frode Gjelstenli, styremedlem i Romsdalsaksen. Dei trur begge at Romsdalsaksen blir ei viktig valkampsak neste år. – Vi har fått meir støtter og enno fleire underskrifter på grunn av merksemda denne saka får, seier han.

Jørn Inge Løvik og Frode Gjelstenli
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL