Hopp til innhold

Etterlyser strakstiltak mot plast

– Naturvernforbundet ønskjer at regjeringa kjem med strakstiltak for å bekjempe plastbruken, seier leiar Silje Ask Lundberg. Forbundet har landsmøte i Stavanger no i helga, der tiltak mot meir plastureining står sentralt. NRK kunne denne veka vise fram fuglefjellet på Runde på Sunnmøre der reir i stor grad er bygt av plast frå havet. Lundberg seier dei mellom anna krev eit totalforbod mot bruk av svart plast som emballasje.

Fuglefjellet på Runde
Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL