Hopp til innhold

Mor tryglar om spesialbil etter fleire nestenulykker

16-åringen har alvorleg utagerande åtferd, som har ført til to nestenulykker i trafikken. Likevel får ikkje foreldra støtte til bil der sjåføren sit skjerma. Mor meiner reglane til NAV må endrast.

Hege og Sander Balevik

Hege Balevik besøker sonen i skuletida kvar veke. Ho ber NAV om ein stor bil som sonen sitt team kan bruke når dei skal frakte Sander.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Mamma Hege Balevik har sett videoen frå sommaren 2007 tallause gongar, der ein kvikk femåring reknar i hovudet. Tre månader seinare mistar Sander språket og treng hjelp til alt.

– Det var brutalt. Det var som eit korthus som raste saman. Diagnosen kan samanliknast med demens, seier Balevik.

Sander er autist og har psykisk utviklingshemming. 16-åringen har alvorleg utagerande åtferd og bur i eit bukollektiv med personale som passar på han heile døgnet. På skulen har han tre vaksne som er tilsett for å ta seg av han.

Alvorleg utagerande

Sjølv om Sander ikkje lenger er den kvikke guten frå videoen, likar han å vere i fysisk aktivitet. Han deltar på dans, drar på svømming og går tur. For å delta på aktivitetar må 16-åringen køyrast, men bilturane har blitt eit stort faremoment. To gongar har det nesten gått gale fordi Sander manglar impulskontroll. I februar i fjor opplevde familien dramatikk på veg til Loen, då Sander vart utolmodig i baksetet.

– Først slo han etter meg, slik at eg kom ut av spel. Deretter slo han etter faren som var sjåfør. Faren miste kontrollen på bilen og kom i feil køyrefelt med bilar i mot, fortel Balevik. Det gjekk bra, men foreldra fekk seg ein alvorleg støkk.

Den andre alvorlege hendinga var då Sander vart utagerande i ein tunnel i bilen saman med to lærar. Skulen sitt ynskje er å få ein stor bil som teamet til Sander kan bruke, der sjåføren sit i trygg avstand frå 16-åringen, med fysiske sperrer.

Sander Balevik saman med teamet frå Hatlane skole

Sander Balevik går på Hatlane skole i Ålesund. Lærarane ved skulen ser eit stort behov for ein trygg bil som dei kan bruke i skuletida.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Fyller ikkje vilkåra

Søknaden er behandla to gongar hos NAV, og begge gongane er den avslått, fordi Sander ikkje oppfyller vilkåra for stor bil. Han har ikkje sterkt avgrensa gangfunksjon og er ikkje avhengig av heis eller rampe for å kome seg inn i bilen, slik reglane krev.

– Vi har informert familien om at dei kan søke om å få installert spesielt tilpassa utstyr i eigen bil, slik at det blir trygt å køyre Sander, seier avdelingsdirektør i NAV Hjelpemiddelsentral Trøndelag, Frode Selbo.

Familien meiner at dette er uhaldbart, sidan Sander treng bil både på skulen og i bukollektivet.

Sander Balevik treff geit på fjelltur

Sander likar godt å vere i fysisk aktivitet.

Foto: privat

Fleire kjempar same kamp

I Bergen har Magne Hatlevik kjempa i sju år for å få trygg bil til sonen som er autist. Han har tapt i Trygderetten to gongar. Saka har også blitt tatt opp i Stortingets spørjetime to gongar.

– Det er så molbo som det går an. Så lenge sonen min ikkje fysisk handikappa, får vi ikkje bil, seier Hatlevik. Han har vore i kontakt med mange fortvilte familiar med same problem.

Også seniorrådgjevar i Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Heidi Sørlie-Rogne, seier at dei kjenner til andre saker der utagerande personar har behov for stor bil.

– Problemstillinga er ikkje ukjend og vi har tatt opp dette med NAV, seier Sørlie-Rogne. NAV skriv i ein e-post til NRK at dersom vilkåra for å få stor bil skal endrast, krev det politisk handsaming.

Fryktar isolering

Hege Balevik er fortvila over at det ikkje finst ein eigen kategori for dei som treng stor bil av tryggleiksårsaker. Å reise kollektivt er utelukka med sonen si diagnose.

Balevik fryktar at sonen vert isolert fordi ingen torer å ha han i bilen.

– Sander blir sett i den situasjonen at dersom det skjer ei ulykke, så er det på grunn av han. Det er vanskeleg, seier Balevik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL