Hopp til innhold

Ønskjer bevaring av hotell

Fortidsminneforeininga engasjerer seg i debatten om riving eller ikkje av det rundt 100 år gamle trehotellet på Hellesylt i Stranda. Til smp.no seier styreleiar Margrethe C. Stang at dei gamle trehotella er ein viktig del av vår nasjonale kulturarv, og altfor mange er blitt borte. Flakk Gruppen i Ålesund vil byggje nytt hotell på Hellesylt, og ønskjer å bygge på tomta der Grand Hotel står i dag. Arkitektfirmaet Snøhetta har fått oppdraget med å teikne det nye hotellet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL