Hopp til innhold

Ventar full stans ved streik

Ein eventuell streik frå midnatt vil medføre full produksjonsstans for møbelkonsernet Ekornes i løpet av måndag eller tysdag. Adm.dir. Olav Holst-Dyrnes seier dei tilsette ved transportøren Schenker også vil bli tatt ut i ein eventuell streik. Det er varsla at til saman 67 bedrifter i fylket vil bli omfatta av det første uttaket, dersom det blir ein streik frå midnatt.

Olav Holst-Dyrnes, Ekornes
Foto: Arne Flatin/NRK