Hopp til innhold

Ankar overgrepsdom på ni år

Den 37 år gamle hordalendingen som er dømd til fengsel i ni år for omfattande nettovergrep, ankar dommen til lagmannsretten. Mannen blei nyleg funnen skuldig i overgrep mot ti jenter frå heile landet, i tillegg til ei seks år gamal sunnmørsjente. Forsvararen hans, Ole-Petter Grythe Hoff, seier at mannen ankar over straffeutmålinga og skuldspørsmålet i forhold til den seks år gamle jenta. Han har heile tida vedgått straffskuld for nettovergrepa. Koordinerande bistandsadvokat Anne Hovde seier ho ikkje er overraska, men at anken er beklageleg med tanke på offera som då ikkje blir ferdig med saka.

Ole-Petter Grythe Hoff
Foto: Synnøve Hole / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL