Tilbyr turar til Borgundfjordfisket
I år tilbyr Ålesund museum skyss ut til fiskefeltet for dei som ønsker å bli med på Borgundfjordfisket. For første gang kan dei som ønskjer det bli med bankskøyta «Storeggen» ut og delta på fisket sjølv. Turane blir i første omgang på måndagar og tysdagar i to veker framover.