Hopp til innhold

Bamba har forlenga med KBK

Daouda Bamba har forlenga med KBK og har signert ein kontrakt som bind han til klubben ut 2020, melder klubben på sine heimesider. Bamba kom til KBK i 2014 og har dei siste to sesongane scora 29 mål for nordmørsklubben. – Det er veldig viktig for oss at Dao no har signert ein 3-års kontrakt med KBK. Dette er ein spiss med fantastiske ferdigheiter, som tilfører oss noko heilt unikt offensivt, seier Kjetil Thorsen, dagleg leiar i KBK.

Kristiansund KBK
Foto: Anders Tøsse / NTB scanpix

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL